Velkomen til Sjønær Festivalen 9.-11. september

Velkomen til ein heilt ny havfestival ytst på Sunnmøre!

Den 9.–11. september seinare i år inviterer vi til Sjønær Festivalen, eit heilt nytt festivalkonsept på Runde der havet og det marine står i fokus.

Festivalen er eit samarbeid mellom den Herøy-baserte fridykkargruppa Njord Freediver, taredyrkar-verksemda Tango Seaweed i Sande, og Opplev Runde ved Runde Miljøsenter. Vi kallar det «Festivalen over og under havet» då hovudtanken vår bak konseptet er å gi fleire folk ei oppleving av havet, anten det er gjennom spennande aktivitetar, engasjerande foredrag eller sosialt samvær.

Visjonen bak festivalen er at deltakarar skal kunne reise frå Runde søndag 11. september og kjenne at dei har lært noko nytt og interessant om havet – i ei eller anna form, enten det er gjennom opplevingar med havet i fokus, eller gjennom samtalar med fagpersonar med mykje kjennskap- og kunnskap om havet.

Aktivitetar

Dei som deltek kan få være med på mellom anna fridykking, apparatdykking for sertifiserte dykkarar, kajakkpadling for erfarne og uerfarne padlarar, tangsafari, morgon-yoga, filmframsyning og sosiale aktivitetar. Målet er å famne om eit breitt maritimt interessefelt for både store og små.
Målet er naturleg nok at deltakarar også skal få bløytt seg litt. Det er jo trass alt ein hav-festival og vi bur i eit aktivitetsmekka for sjørelaterte aktivitetar.


Mat og overnatting

Alle måltid gjennom helga blir inspirerte av havet, og festivalens eigne tare-influencer, Julie Kreis i Seaweed Adventure vil også sørge for at ein får smake litt av havets grønsaker, som er undervurderte kulinariske delikatesser. Det blir gjort tilgjengeleg pakker med overnatting på senteret.

Festivalen har begrensa kapasitet, så me anbefaler folk med å vere tidleg ute med å tinge seg billettar når det opnar for det litt seinare i sommar.

For meir info kontakt Marko Polter (913 40 174), Cecil Elisabet Nerbø (95 96 70 59) eller Bjørnar Torvholm Sævik (991 12 890).

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Njord Freediver

Del denne artikkelen