Møtepakke- Skattehistorier og fugleutstilling

Start dagen med nykokt kaffe og rundstykker, og bruk dagen til å jobbe i lag i flotte omgivelsar.
Me serverer lunsj, og i løpet av dagen legg me inn tid til eit besøk hos Rundeskatten, der de får høyre historia, og sjå ein del av funnet.
Avslutt etter endt arbeidsdag, eller utvid opphaldet med overnatting for å legge inn fleire aktivitetar eller ha ei sosial samling på kveldstid. Me tilrettelegg for ei flott oppleving, med aktivitet, mat og drikke.


Skattehistorier finst over alt - men på Runde er dei sanne;

I nesten 250 år låg det ein enorm skatt gøymt på havbotnen like utanfor Runde. Der låg den frå 1725, og til den blei funne av tre dykkarar i 1972. Ei utruleg historie om ei menneskeleg tragedie, og om ein av dei største skattane som er funne på havets botn.

Pris
Frå 795,-
Tid
Heildagspakke, kan kombineres med overnatting

Fleire møtepakker

Me tilbyr unike møtepakker, og gir samlinga eller møtet ditt ei heilt ny meining. Me engasjerer gruppa i gamal historie eller ny forsking, frå 30 minutt til ein heil dag. Valget er ditt! Her kan du la deg inspirere: