Sommar 2026
.jpg)
Sommar på Runde
Velkomen til Runde – øya der storhavet møter spektakulær natur, rikt fugleliv og opplevingar du kjem til å hugse lenge. Enten du kjem for lundefuglane, havet, fjellturane eller berre ønskjer nokre rolege dagar med utsikt mot horisonten, finn du noko som passar hos oss.
Opplev lundefuglen på nært hald
Bli med på vår populære Lundesafari, der ein lokal naturguide tek deg med til fuglefjellet medan du lærer om lundefuglar, havsuler og livet på Runde. Turen inkluderer omvising på besøkssenteret og ein god middag før vi går opp på fjellet når fuglane kjem inn frå havet om kvelden.
Utforsk havet og fjøra
Livet på Runde finst ikkje berre på land. Bli med på Fjøreforskar, lær om tang, tare og smådyr i fjøra, eller bli med på ei spennande coasteering-oppleving der du utforskar kysten frå sjøsida.
Besøk utstillingane våre
På Runde Miljøsenter kan du oppleve historia om den verdskjende Rundeskatten, sjå film om fuglelivet og lære meir om den unike naturen på øya. Dette er ei flott oppleving både for vaksne og barn – uansett ver.
Bu tett på naturen
Vi tilbyr overnatting for alle som ønskjer å oppleve Runde i sitt eige tempo. Vel mellom komfortable leilegheiter ved Runde Miljøsenter, det sjarmerande Christineborg Gjesthus eller moderne hytter med panoramautsikt på Runde Panorama. Alle er perfekte utgangspunkt for å utforske øya – også når vêret viser seg frå den ville sida.
Mat med smak av kysten
Ta ein pause i kafeen vår med lunsj, kaffi og heimelaga kaker. Kjøkenet diskar opp med nydeleg fiskesuppe og store gourmetsmørbrød med deilig topping. Vi har også godt vegansk alternativ.
Gåvebutikken
I vår lille gåvebutikk finn du eit godt utvalg fine ting. I butikken finn du særleg eit stort utvalg av lokalt handtverk; Keramikk og porselen, strikketøy og handfarga garn, tre- og bildekunst, foto og anna. Vi har også kopiar av myntar frå Rundefunnet til salgs, desse blir produsert hos Gullsmed P.F Waage i Ulsteinvik.
Velkomen til Runde!
Sommaren på Runde byr på store naturopplevingar, frisk sjøluft og minner for livet. Vi gler oss til å ønskje deg velkomen!
Alle bilete: Eline Karlsdatter Fladseth/ Visit Northwest
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
