Båttur rundt Runde med Aquila

Spektakulær båttur til fuglefjellet – hekkeområde for titusenvis av sjøfugl, med besøk i grottene.

Varighet
2t
Vanskelighetsgrad
Lett
Alder
3+
Priser fra
NOK 380

Om turen

Båtturen startar frå Runde hamn og går vestover rundt Måganeset. Her kjem fuglefjellet til syne, med Rundebranden og Lundeura. Fuglefjellet på Runde er hekkeområde for 100 000–150 000 sjøfugl, mellom anna lunde, havsule, krykkje, alke og lomvi. I Lundeura held dei populære lundefuglane til.

På kveldsturen har lundefuglane avslutta dagens arbeidsøkt – ein tur ut på storhavet for å hente mat – og store mengder fugl samlar seg til kveldsbad nedanfor Lundeura.

Etter å ha blitt betre kjende med lundefuglen, går turen vidare til Skarveskjæret, der eit par dusin skarv held til. Deretter går turen til den stupbratte klippa som ein gong husa ein stor krykkjekoloni. Krykkjereira er bygde på små framspring i den bratte fjellveggen.

I 1946 etablerte det første havsuleparet seg i fuglefjellet. Sidan den gong har bestanden auka jamt, og tel i dag om lag 5 000 par. Havsula har teke over mange av dei tidlegare reirplassane til krykkjene, etter krykkjekolonien vert sterkt redusert.

Kysten rundt Runde er vêrhard, med ei rekkje undervasskjer. For å ferdast trygt med båt her, krevst det god lokalkunnskap.

Om vêret tillet det, går turen inn i ei av dei store grottene under fuglefjellet – ei oppleving mange set stor pris på.

Tour information
Price
Voksen:
NOK 380
Barn:
NOK 165
Starttidspunkt
16:00 og 18:00 (og 20:00)
Avgang
Runde hamn

Praktisk informasjon

Kva bør du ha med deg

Det er lurt å kle seg varmt og vindtett. Ved regn er det òg lurt å ha på seg regntøy.

Hunder ikke tillatt. Barn under 3 år får ikke bli med på turen.

Billettar

Billettar kan og kjøpast same dag i kafeen på Runde Miljøsenter (så sant det er ledige plassar).

Ansvarleg for opplevinga

Firma: Johan Moltu / Aquila

Kontakt Hivens på +47 700 80 800 eller epost booking@runde.no for spørsmål kring bookingløysinga/hjelp til booking.

Bestill denne opplevinga