Fjøreforskar for ein dag

Gror det ei forskarspire i magen din? Bli med oss på ein forskartur i fjøra, så kanskje vi kan vatne nysgjerrigheita!

Varighet
1t 30m
Vanskelighetsgrad
Lett
Alder
6+
Priser fra
NOK 325

Om turen

Du treng ikkje gå langt for å finne rare og utrulege skapningar. På denne turen tek vår erfarne naturrettleiar små og store forskarspirer med ut for å forske på dei snodige skapningane i fjøra. Vi skal undersøke det som lever i fjøra, og ta vitskapelege prøver for å sjå om vi finn nokre mikroskopiske vesen. Utstyrt med luper, bestemmingsnøklar og eit akvarium går vi til nærområda rundt Runde Miljøsenter for å sjå kva vi kan finne. Kanskje vi finn noko nytt saman, og du får eit innsyn i kva ein ekte forskar jobbar med.

Dette er ein aktivitet som passar utmerka for alle aldrar, og er ein perfekt familieaktivitet. Sida turen er i fjøra tilrår vi godt skotøy, og gode kle som toler å bli brukt.

Tour information
Price
Voksen:
NOK 325
Barn:
NOK 225
Starttidspunkt
Sjå avgangstider i kalenderen ved bestilling
Avgang
Runde Miljøsenter
No items found.

Praktisk informasjon

Sida turen går i fjøra tilrår vi gode sko med ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle. Vi oppfordrar også å ha med eit tørt skift, både sko og kle.

  • Ei flaske vann
  • Lue og hanskar om det er kaldt
  • Fotokamera

Turen skreddarsyast til grupper ved førespurnad, og kan bli bestilt heile året. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

Inkludert i opplevinga er

  • Lærerik oppleving med naturrettleiar
  • Utstyr til å ta vitskapelege prøvar i fjøra
Bestill denne opplevinga