Skipsvrak, gullskattar og vakre Runde fyr

Det er noko beundringsverdig med fyrtårn, kva historier er det eigentleg dei gøymer? Runde fyr ligg midt i havgapet, blant klippar som er prega av den vêrharde kystnaturen og Atlanterhavet som ligg rett utafor.

Varighet
5t
Vanskelighetsgrad
Middels
Alder
8+
Priser fra
NOK 1050

Om turen

På turen ut til Runde Fyr fortel vår naturrettleiar historier frå øya, om funnet av ein tapt gullskatt og den unike naturen på Runde. Du får eit djupdykk i fyrhistorie og i naturkunnskap frå øya. Turen startar med oppmøte på Runde Miljøsenter. Inne på senteret får du ei omvising i utstillinga der naturrettleiaren fortel om fuglane, kystøkologi og om ein eventyrleg gullskatt som blei funne like ved fyret. Etter omvising i utstillinga går turen opp på fjellet. Ute vil du få oppleve dei stupbratte klippane, du får sjå hekkeplassane til sjøfuglane som bur på øya og sjå det fantastiske fyret.

Undervegs vil det bli fortalt historier om fyrvaktarane og fyrbyggjarane frå Sunnmøre. Vi nyt lunsjen med havutsikt før turen går heimatt. Om du vil høyre dei fantastiske historiene, og samtidig få sjå dei finaste plassane på Runde er dette turen for deg. Turen passer også utmerka utafor sommarsesongen, og du får sjå ei side av Runde som ikkje mange får glede av å oppleve.

Tour information
Price
Voksen:
NOK 1050
Starttidspunkt
10:00 eller etter avtale
Avgang
Runde Miljøsenter
No items found.

Praktisk informasjon

Sida turen er på fjellet og går på sti i varierande kvalitet tilrår vi gode sko med ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle. Vi oppfordrar også å ha med eit tørt skift, både sko og kle.

I tillegg bør du ha med

  • Tursekk (20-40 L)
  • Ei flaske vann
  • Lue og hanskar om det er kaldt
  • Fotokamera

Turen skreddarsyast til grupper ved førespurnad, og kan bli bestilt heile året. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

Fakta om turen

  • Høgde over havet: 300 meter
  • Stigning: 600 høgdemeter
  • Avstand: 8 kilometer (rundtur)

Inkludert i opplevinga er

  • Guida tur med naturrettleiar
  • Nistepakke til lunsj og varmt drikke

Bestill denne opplevinga