Rundeskatten - Opning av ny utstilling 5.juli

Ein julidag for 50 år sidan fann 3 dykkarar det som til da var verdas største gullskatt på havbotnen rett utanfor Runde.

Ein julidag for 50 år sidan fann 3 dykkarar det som til da var verdas største gullskatt på havbotnen rett utanfor Runde. Skipet Akerendam, som eigentleg skulle segle til Batavia (Jakarta), hadde da logge gøymt og gløymt i havet i nesten 250 år, etter at det forliste under ein storm i 1725.

Historia om Rundeskatten er ei fantastisk historie, men samstundes også ei menneskeleg tragedie, der alle dei 200 ombord omkom i forliset.

I høve 50-års markeringa for funnet av skatten har det blitt bygd ei heilt ny utstilling, som viser delar av det som blei funnet i tida etter funnet, og forteljingar rundt dette.

Del denne artikkelen