Opplevingar
Sunnmørskysten byr på vilt hav og høge fjell, og på Runde finn du begge delar. La oss legge til rette for di neste store oppleving.

Guida tur med naturrettleiar
Kom og bli med oss på tur! Me tilbyr turar i lag med eigen naturrettleiar heile året. Utforsk aktivtetstilbodet vårt og bestill ei heilt unik oppleving.

Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter er ein internasjonal forskningsstasjon for marin kystøkologi. Dette inneber utvikling av forskningsinfrastruktur og bærekraftig reiseliv i eit område der hav, fisk og fugl er ein del av et sårbart økosystem.
Runde Miljøsenter/Runde Forsking
Rundeskatten
I 1972 blei ein stor skatt funnen på havbotnen like utanfor Runde. Der hadde den venta på å bli funne i nesten 250 år. Besøk utstillinga vår for å sjå skatten, og lær om forliset av handelsskipet Akerendam, som forliste i 1725.
Utforsk rundeskattenKva anna skal du gjere på når du er her?
Det er mykje kjekt å sjå og gjere i regionen, både for store og små. På www.hivens.no har me samla ei rekke tilbod som du kan booke før eller under opphaldet ditt.
Workation
Eit annleis heimekontor, med fjøre og fjell rett utanfor døra. Ta med pc og turtøy, bu hos oss og la deg inspirere av den vakre naturen som omringar deg. Vil du på tur i lunsjen kan du bestille matpakke og full termos hjå oss.
Book deg ei pustepause






-16_9-l.jpg)


