Guida kajakktur ved Herøy kystmuseum
Opplev historia til Herøy kystmuseum sittande i en kajakk i trygge farvatn ute ved storhavet.

Om turen
Ein kajakktur i skjergarden rundt Herøya omfattar fantastiske naturopplevingar mellom ei mengd øyar, holmar, skjer og lune vikar.
Å padle i dette området med si meir enn tusen år lange maritime historie, vil gje deg nærleik til naturen og ei turoppleving utanom det vanlege!
På turen vil du kunne utforske dyrelivet i det klare vatnet, sjå fisk og kanskje krabbar under kajakken, og ser du opp kan du ta del i det rike fuglelivet i området.
Herøya har vore ei god og trygg hamn for sjøfarande sidan vikingtida, og både på nord- og sydsida har ferdafolk funne kvile før og etter seglasen rundt Stad (Vestkapp). I dag finn du i tillegg til museet med omvising, museumskafé og butikk, den gamle kyrkjestaden frå mellomalderen og eit nydeleg rekreasjons- og turområde. Herøya er også eit av dei utvalde pilegrimsmåla langs kystpilegrimsleia som går frå Egersund til Nidaros.
Praktisk informasjon
Turen vert tilpassa ferdigheitsnivået til gjestane, og ein treng ikkje å ha padleerfaring før turen startar. Vi oppmodar om å ta med vassflaske og litt å ete, i tillegg til varmt tøy, gode sko og gjerne ei vind- og vasstett jakke.
Ta også med solkrem og solbriller på fine dagar. Turen er 3-6 km lang. Turen er 3-5 km lang.
Inkludert i opplevinga
- Guide
- Kajakk, flytevest, padleåre, spruttrekk
- Omvising ved Herøy kystmuseum (etter kajakkturen)
Turen startar ved Herøy kystmuseum. Her vil du møte guiden og dei andre gjestane, få informasjon om turen, og nødvendig utstyr.



