
Ytterst ute i havgapet i Herøy kommune ligg fugleøya Runde, med det sørlegaste fuglefjellet i Noreg.
Runde er ei spesiell øy, med både naturreservat og fuglefredingsområde. Me har difor samla nokon tips til turgåarar.
Les om ferdselPå Runde finn du mange ulike artar. I alt har det blitt registrert 230 ulike artar på øya. Nokon bur her heile året, andre kjem heim når det nærmar seg hekketid.
Me jobbar heile tida med å utvikle bærekraftige opplevingar. Bygga på Runde Miljøsenter har høg energieffektivitet, og me har egne gjenvinningsstasjonar til gjestar. Matavfall blir kompostert, og me ønsker å legge igjen så lite spor etter oss som mogleg, for å sørge for at Runde er ein like fin plass å være på for neste generasjon.

