Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Svartbak

Som ein av dei største fuglane me kan sjå på Runde, er svartbaken ein ganske vanleg fugl å sjå. Svartbaken lever stort sett i nærleiken av saltvatn, han kan også bli kalla havmåse. Dei er ikkje ein spesialisert lundefugl-jeger, men i Skottland har det blitt sagt at sverminga til lundefuglen er for å beskytte seg frå svartbaken. På Rundefjellet er det ikkje ofte ein ser svartbaken i Lundeura. Hald augene opne når du passerer Rundebrua, der er det nemleg stor mulighet for at han sitt på rekkverket!

 

Svartbaken et det han finn, og leitar ofte etter mat i tidevatnssona. Som ein opportunistisk jeger vil dei ete alt frå småfuglar til fisk. I områder der det finnes små pattedyr, kan dei også forsyne seg grovt av dei.

Lokasjon
Sesong:
Heile året
Bestand: