Opplev Runde

Natur, læring og moro i eitt.
Treng du ein pause frå kvardag og stress? Då bør du oppleve Runde! Bli med på herlege opplevingar saman med våre erfarne guidar og lær korleis du både kan nyte og ta vare på naturen langs kysten. Etterpå reiser du heim med fred i sinnet og energi i kroppen, inspirert av alt du har lært.

Opningstider

Juli
Alle dagar 10:00 -19:00
Kjøkenet ope frå 12:00-17:00, og kaldmat i disk i heile opningstida.

Ønsker du å booke eit besøk hos oss utenom oppsatte opningstider ta kontakt for avtale.

Velkommen på besøk for omvisningar, aktivitetar, teambuilding og private arrangement. Vi serverer også mat til alle typar arrangement.

Utstillingane og matserveringa held oppe i besøkssenteret sine opningstider.

Velkommen til Runde

Opplevingar

Opplev naturens mangfald på guida turar i fjell eller fjøre, bli kjent med dei spesielle sjøfuglane, dykk ned i historia om Rundeskatten, eller kast deg ut i eventyr som coasteering, fjøreforsking og tangsafari.

Forsking

Runde Miljøsenter er ein internasjonal feltstasjon, og har som oppgåve å bygge opp under Runde som ein internasjonal forskingsstasjon for marin kystøkologi. På senteret blir det jobba med utvikling av forsking og forskingsinfrastruktur med høg fokus på å ivareta hav, fisk og fugl som ein del av eit sårbart økosystem. Forskinga er tett knytt opp til aktivitetane på senteret.

Firma og grupper

Kva med å ta med vennegjengen eller kollegaene dine til Runde? Øya er den perfekte plassen å samlast utanfor allfarveg, omringa av vakker natur i eit inspirerande miljø. Delta på skreddersydde aktivitetar og teambuilding, der du lærer om samspelet mellom havet og fuglefjellet Et og drikk godt, før du legg deg til å sove i ei av våre velutstyrte leilegheiter.

Kva blir di neste
gode naturoppleving?

Opplev roa
Opplev råskapen
Opplev naturen
Opplev Runde