Året i fuglefjellet // Søndagsprat med Ingar Støyle Bringsvor

Gjennom 18 feltsesongar har Ingar Støyle Bringsvor følgt sjøfuglane på Runde tett. Mykje har endra seg i løpet av desse åra – dessverre for dei fleste artane i negativ retning.

Søndag 27. september vil han oppsummere korleis årets hekkesesong har vore for lundane, havsulene, storjoane og fleire av dei andre sjøfuglartane på Runde. Han vil òg vise og fortelje om korleis feltarbeidet i fuglefjellet føregår, og kva data og kunnskap dette arbeidet har gitt gjennom åra.

Inngong kr 50,-

Senteret held ope frå 12:00 - 18:00
Middag frå 13:00 - 17:00

På menyen: Fårikål, fiskesuppe og kvit bacalao, kaker og is.
Legg gjerne inn førehandsbestilling på middag, til booking@runde.no eller tlf 70 08 08 00

Vel møtt!

Del denne artikkelen