Stillingsutlysing Naturguide / Naturrettleiar / Naturformidlar

Er du ein naturentusiast som elskar å spreie glede, nysgjerrigheit og kunnskap?
Opplev Runde driv besøkssenteret på den spektakulære øya Runde, som ein del av Runde Miljøsenter. Her kombinerer vi naturopplevingar med kunnskapsformidling – enten det er gjennom eit varm måltid i kafeen vår, eit komfortabelt opphald i våre moderne leilegheiter, eller spennande aktivitetar ute i den ville naturen.
Kvart år finn 40 000–50 000 eventyrlystne gjestar vegen hit, og rundt 15 000–20 000 av dei tek turen innom senteret vårt. Vi tilbyr unike naturopplevingar, med guida turar opp til det majestetiske fuglefjellet – vår desidert mest populære aktivitet – samt ei rekkje kystnære opplevingar som tangsafari, coasteering og vårt lærerike "Fjøreforskar"-opplegg. Gjestene våre er alt frå barnefamiliar og skuleklassar til pensjonistgrupper, alle med ein felles lidenskap for natur, læring og eventyr.
Arbeidsoppgåver:
- Guide turar og formidle om kystøkologien på Runde.
- Guide omvisingar i utstillinga.
- Bidra til å utvikle nye formidlingsopplegg og prosjekt.
- Andre ad-hoc-oppgåver, som å hjelpe i kafeen ved behov.
Ønska kvalifikasjonar:
- Naturfagleg bakgrunn som biolog, naturrettleiar eller naturguide.
- Du likar å spreie glede og kunnskap blant folk. Erfaring med naturrettleiing, friluftslivsrettleiing eller opplevingsdesign er ein fordel.
- Sertifiseringar som instruktør/guide innan aktivitetar som padling, dykking eller coasteering er eit pluss.
- Trives med å jobbe med barn og ungdom.
For oss er personlege eigenskapar minst like viktige som kompetansen du kjem med. Du må kunne jobbe sjølvstendig, vere lærevillig, nysgjerrig og ha gode samarbeidsevner. Vi forventar ikkje at du er ekspert på både fugl og fisk frå dag éin, men du må vere motivert for å lære!
Vi tilbyr:
- Ei spennande stilling der du får møte mange folk og bidra til å spreie kunnskap om den fantastiske naturen vår.
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på tryggleik og meistring.
Oppstart vil vere i starten av mai, og vi ønskjer at du kan jobbe ut sommaren.
Vi ønskjer ein kortfatta søknad, CV og karakterutskrift.
Om bedrifta
Opplev Runde driv besøkssenteret på Runde som ein del av Runde Miljøsenter. Vår hovudoppgåve er å gi besøkande ei lærerik og minnerik oppleving av den spektakulære naturen på Runde. Vi tilbyr guida turar, aktivitetsbasert naturformidling og overnatting i moderne leilegheiter med utsikt mot havet.
Eit viktig aspekt ved verksemda vår er samarbeidet med forskingsmiljøet på Runde. Runde Forsking, som held til ved Runde Miljøsenter arbeider med forsking på havet, klima og berekraftig forvaltning av marine ressursar. Gjennom dette samarbeidet får vi tilgang til oppdatert forskingsbasert kunnskap, noko som gjer at formidlinga vår alltid er fagleg forankra.
Vi jobbar tett saman for å kople forsking med oppleving, slik at både turistar, skuleklassar og andre besøkande kan lære om natur og miljø gjennom praktiske og engasjerande aktivitetar. Dette gjer Opplev Runde til ein unik arena der folk kan utforske, forstå og setje pris på den verdifulle kystnaturen på Runde.
Søknadsfrist 15.januar 2026
Søknad sendes booking@runde.no
For spørsmål om stillinga kontakt Johannes Madsen på tlf 93997008.


