Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Alke

Alken kan være snarlik dei andre alkefuglane, men ser du nærare etter vil du sjå at den har eit nesten heilsvart litt stutt, tjukt nebb. Ho er også ikledd reint svart og kvitt med reine skillelinjer i fjørdrakta, nesten som nokon har kledd ho i ein fin snippkjole. Alken kan ofte sjåast på kveldstid når du fyst kjem opp på fjellet, på Kaldekloven. Ho er blitt eit sjeldnare syn på fjellet, men viss er du oppmerksam så vil du kunne sjå dei.

Alken kan skiljast frå lundefuglen ved at ho er meir elegant i lufta. Ser du nøye etter når ho flyg har ho også to kvite parti bak vingane, og er noko større enn lundefuglen. Alken legg egga sine i sprekker og hol i fjellet.  

Lokasjon
Sesong:
April-August
Bestand: