Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Storjo

På Rundefjellet er storjoen ein relativt nyinnflytta nabo, han kom så seint som i 1980, og følger tett på havsulekolonien.

Storjoen er sterkt territorial, og ferdes vi for nær reda vil dei ikkje nøle med å gå til angrep. Me kan difor kalle han fjellpolitiet!

I dag har me opptil 60 hekkande par på øya, den største fastlandskolonien i Noreg. Storjoen er brun med kvitspragla drakt, med kvite parti under vingane. Ser du storjoen på avstand, kan silhuetten likne ein måke, med spisse vingetuppar og slank kropp. På veg opp mot Lundeura er det ikkje uvanleg å sjå storjoen sitje på myra. Storjoen er berre aggressiv viss han føler seg trua - held du deg på avstand treng du ikkje være redd!

Storjoen har ein spesiell måte å fange mat på . Han jagar og trakasserar havsula til den gulpar opp maten sin. På denne måten nytter storjoen seg godt av den aukande kolonien av havsule som er på Runde.

Lokasjon
Sesong:
April-august
Bestand:
50-60 par