Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lomvi

Denne eingong talrike fuglen er blitt sjeldan å sjå på fjellet på Runde. Lomvien skil seg frå dei andre alkefuglane her med at den har eit tynt nebb, og et brunsvart hovud. Dei er i full gong med hekking i april, og kan bli sett på Rundefjellet fram til august. Lomvien legg egga sine på fjellhyller, og når ungane forlèt redet er det ikkje uvanleg at dei berre tek fart og hoppar. Dei kan da falle frå svimlande 250 meter! Lomvien er  veldig sosiale fuglar og lever i par, men dei er ikkje framande for å være sosial med dei andre lomviane også.

Lomvien er ein dykkjaktande fugl. Den har dirfor utvikla seg slik at den sym med vingane under vatn. Det er den såpass dyktig til at den har blitt observert på 140 meters djup!
Dersom du er på utkikk etter å sjå lomvi bør du ha med deg ein god kikkert, og gå til Kaldekloven og speide i retning havsulekolonien. Er du heldig får du auge på den! Den kan også være lett å sjå frå båt.

Lokasjon
Sesong:
April-august
Bestand:
Under 1000 par