Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lunde

Lundefuglen er kjendisen på fuglefjellet, og grunnen til at mange kjem til Runde. Han er den mest talrike fuglen på Runde, og kan sjåast i hekkesesongen som varer frå april til byrjinga av august. Lunden lager hull i graskledde skråningar for å legge egget sitt der.

Lundefuglen er ein lett gjenkjenneleg fugl med sitt fargerike nebb, og knall oransje bein. Det er ikkje berre utsjånaden som gjer han unik. Kvar kveld i hekketida kan han sjåast sverme og baske seg i Lundeura. I perioder kan han være vanskeleg å sjå på fjellet på dagtid, men tek du ein kveldstur opp på fjellet på kvelden skal det godt gjerast å ikkje sjå han.

I likskap med dei andre alkefuglane er lundefuglen ein veldig dyktig symjar, og kan dykke opp til 60 meter samtidig som den held pusten i over 1 minutt! 

Lokasjon
Sesong:
April-August
Bestand:
Rundt 32.500 hekkande par