Havsule

Havsula kan skiljast frå dei andre fuglane på fjellet med at ho har ei kvit fjørdrakt, med vingar som liknar at dei har blitt dyppa i blekk. I hekkesesongen får ho også ein gul pryd på hovudet. Havsula kan sjåast på nedsida av Rundebranden, kor dei bor i ein stor koloni. Før menneska fant på å bruke plastikk på havet, lagde ho reir av strå og tang. No kan me sjå eit fargespel i fjellsida, kor havsula har tatt i bruk avkappa tau og garn til reira.

Dei har truleg den einaste aukande populasjonen på fuglefjellet.

Havsula er stupdykkande fuglar, og kan bli sett rundt dei ulike holmane og skjæra utfor øya på jakt etter fisk. Ser ein havsula ute for å fiske, kan dei sjåast stupe med ei toppfart på 100 km/t!

Lokasjon
Sesong:
Mars - oktober
Bestand:
Rundt 3000 hekkande par