Ferdsel
Når ein ferdast på Rundefjellet er det nokon reglar som gjeld. Me har laga nokre anbefalingar til dykk.
Når du skal på tur til fuglefjellet er det vanleg å starte frå parkeringa i Goksøyra. Du går deretter opp den fyste vegen til venstre etter Goksøyr Miljøcamping.
Oppe på myra er det tilrettelagd sti, med både steinheller og trekloppar, og det er fleire fine rundturar. Me oppfordrer til å bruke det som finst av stiar, og ikkje ferdast i myra. Det er viktig å verne om myra, og å la fuglane som hekkar der få fred.
På grunn av sårbare område og hekkande fugl er det ikkje ønskeleg med telting på fjellet på Runde. Me oppmodar ALLE til å benytte seg av organisert overnatting ved besøk på øya. Det er fleire gode moglegheiter å nytte seg av, enten hjå Goksøyr Miljøcamping, Christineborg Gjestehus eller hjå oss på Runde Miljøsenter. Ute på Runde fyr er det også overnattingsmoglegheit, i regi av DNT.
I sommarsesong kjem mange til Runde for å sjå lundefuglen. Den ser du best på kveldane frå april til juli. I sjutida på kvelden vil lunden være ferdig med dagens matsanking, og starte kveldsaktiviteten sin. Det som ventar dei besøkande er ei spektakulær opplevning! Me anbefaler også å bruke tid på å sjå deg rundt og studere litt av dei andre fuglane me har på øya!
Det er fleire forskjellige fuglefredingsområde rundt øya. Desse områda er merka med skilt eller gjerde, og det er ikkje lov å krysse over.
Myra oppe ved Rundebranden er også eit naturreservat, det betyr at du ikkje kan ta med nye, eller fjerne gamle planter. Ein kan plukke bær og sopp! Her gjeld det få ferdselsrestriksjonar, men ein skal trakke varleg og ta hensyn.
I sommarsesong går det båtturar rundt øya frå Runde Hamn når været tillet det. Ein flott måte å få sjå fuglelivet frå sjøen!
Hugs å vise respekt for fuglar og dyr, andre besøkande og fastbuande. Benytt deg av offentlege toalett, og ta med deg søpla di til næraste bossdunk. Du finn sommarope toalett på parkeringsplassen i Gøksøyra, og heilårsope toalett/dusj på Runde Miljøsenter.
God tur!