Coasteering på Runde
Har du nokon gang lurt på korleis det er å oppleve livet og kreftene i havet på nært hald? Når du blir med på coasteering får du oppleve havet, med å vere i havet
-16_9-l.jpg)
Om turen
Har du nokon gang lurt på korleis det er å oppleve livet og kreftene i havet på nært hald? Korleis bølgene som kjem frå storhavet følast på kroppen?
Når du blir med på coasteering får du oppleve havet, med å vere i havet, utstyrt med våtdrakt, redningsvest og hjelm.
Coasteering er ei blanding av å bevege seg på land og i vatnet. Vi skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passer for dei aller fleste!
Du skal få oppleve er ein heilt ny måte å sjå fjøresona på, tare som duvar i rørsla i vatnet eller levande vesen ein sjeldan får sjå. Vår naturrettleiar har mykje lokalkunnskap om naturen på Runde, og undervegs vil vi ha stort fokus på å lære noko nytt!
Praktisk informasjon
- Du må ha med badetøy til å ha under våtdrakta, varme sokkar og ein pose til å ha vått tøy i etter aktiviteten.
- Ull undertøy kan vere fint å ha under drakta for meir varme og komfort.
- For å bli med på aktiviteten må du ha normal fysisk form og vere edru.
Inkludert
- Alt du trenger av utstyr (Våtdrakt, hjelm, flytevest, sko, hanskar og handduk)






