Lundesafari
På ein kveldstur i fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen og med ein dyktig naturveileder får du lære meir om ekte gullskattar, dyreliv og lokal historie. Og vi serverar lokal sjømat så du ikkje legg ut på tur på tom mage.

Om turen
Bli med på ei magisk oppleving der and møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen. Vår naturrettleiar vil gje deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya og historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.
Omvising i utstillinga og middag
Turen startar på Runde Miljøsenter med framsyning av "Havets sølv", ein fasinerande naturdokumentar om lundefuglane og den enorme sildegytinga på Mørekysten. Før du får omvising i utstillinga på Runde Miljøsenter, får du servert ei nydeleg fiskesuppe med nybaka brød. Med fulle magar og «Havets sølv» i ryggsekken tek vår erfarne naturrettleiar dykk med opp i utstillinga. Du blir kjent med dei forskjellige fuglane som bur på øya, og me prøvar å gje svar på kva som skjer med fuglelivet på Runde. Før me går på fjelltur tek vi ei gyllen reise tilbake til 1725. Eit svært handelsskip gjekk på grunn på Runde, og 300 år seinare vart vrakrestane funne av tre dykkarar.
Tur til lundefuglane
Turen til fuglefjellet tar omtrent 45 minuttar og høgaste punkt er sirka 200 meter over havet. Etter ein kort og bratt oppoverbakke flatar terrenget ut og resten av turen går i slak oppoverbakke. På veg mot fuglefjellet er det mykje å sjå og naturrettleiaren viser deg dei beste plassane for at du skal få mest mogleg ut av turen og moglegheit for å lære mykje meir. Oppe på fuglefjellet blir det god tid til å nyte utsikta, solnedgangen og lundefuglane som susar over hovudet ditt. Du vil garantert lære noko nytt om Runde, fuglane og havet som omringer oss.
Praktsik informasjon
Sida turen er på fjellet og går på sti i varierande kvalitet tilrår vi gode sko med ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle. Vi oppfordrar også å ha med eit tørt skift, både sko og kle.
- Tursekk (20-40 L)
- Ei flaske vatn
- Lue og hanskar om det er kaldt
- Fotokamera
Du må ha med eigen bil eller sykkel for transport bort til stien opp på fuglfjellet.
Inkludert i opplevinga er:
- Middag
- Guida tur på fuglefjellet med naturrettleiar
- Film og omvising på Runde Miljøsenter
Fakta om turen
- Høgde over havet: 200 meter
- Stigning: 200-300 høgdemeter
- Avstand: 4,5 kilometer (rundtur)








