Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Velkomen til Sjønær Festivalen 10. september

Eit heilt nytt festivalkonsept yst i havgapet på sunnmøre.

Velkomen til ein heilt ny havfestival ytst på Sunnmøre!

Den 10. september inviterer vi til Sjønær Festivalen, eit heilt nytt festivalkonsept på Runde der havet og det marine står i fokus.

Festivalen er eit samarbeid mellom den Herøy-baserte fridykkargruppa Njord Freediver, taredyrkar-verksemda Tango Seaweed i Sande, og Opplev Runde ved Runde Miljøsenter. Vi kallar det «Festivalen over og under havet» då hovudtanken vår bak konseptet er å gi fleire folk ei oppleving av havet, anten det er gjennom spennande aktivitetar, engasjerande foredrag eller sosialt samvær.

Visjonen bak festivalen er at deltakarar skal kunne reise frå Runde og kjenne at dei har lært noko nytt og interessant om havet – i ei eller anna form, enten det er gjennom opplevingar med havet i fokus, eller gjennom samtalar med fagpersonar med mykje kjennskap- og kunnskap om havet.

Aktivitetar

Dei som deltek kan få være med på mellom anna fridykking, apparatdykking for sertifiserte dykkarar, kajakkpadling for erfarne og uerfarne padlarar, fjørevandring, filmframsyning og sosiale aktivitetar. Målet er å famne om eit breitt maritimt interessefelt for både store og små.
Målet er naturleg nok at deltakarar også skal få bløytt seg litt. Det er jo trass alt ein hav-festival og vi bur i eit aktivitetsmekka for sjørelaterte aktivitetar.

NB - ved påmelding velger du kva aktivitet du ønsker å delta på, og legg den i handlekurven. Vær venleg å notere deg krav til utstyr og kompetanse for dykking/havkajakk.


Mat

Begge måltid gjennom helga blir inspirerte av havet, og festivalens eigen tare-influencer, Julie Kreis i Seaweed Adventure vil også sørge for at ein får smake litt av havets grønsaker, som er undervurderte kulinariske delikatesser.

Program:

09.00:  Velkomen til Runde. Oppmøte og klargjering til aktivitetar
09.30: Sjønær aktvitet (velg ein aktivitet)
- Dykketur med båt
- Fridykking fra båt
- På langtur med kajakk
- Båttur til fuglefjellet/med Aquila rundt Runde
- Mulighet til å teste fridykking med Njord Freediver
13.00: Felles lunsj
13.45: Introduksjon til Sjønær, ved Marko Polter
14.00: Lill Haugen: "Det hemmelege livet i havet"
14.45: Samtale om "Haien i Skogen", med Arnbjørg Aagesen
15.30: Oppsummering og diskusjon
15.45: Pause
16.00: Opplev havet i 3D med VR-Brille
16.30: Introduksjon til fjøresafari og ut på tur med Tango Seaweed
18.00: Middag
19:00 Sjønærquiz og sosialt
Offisielt program avsluttes, men bli gjerne værande utover kvelden

Bli betre kjent med arrangørar og samarbeidspartnerar her:

Sparebank 1 Søre Sunnmøre
Njord Freediver
Tango Seaweed AS
Julie Cooks Green / Seaweed Adventure
Herøy Dykkerklubb
Herøy Kajakklubb
Opplev Runde AS

Treng du overnatting, eller treng å leige utstyr, send forespørsel til booking@runde.no

For meir info kontakt Marko Polter (913 40 174), Cecil Elisabet Nerbø (95 96 70 59) eller Bjørnar Torvholm Sævik (991 12 890).

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Njord Freediver

Del denne artikkelen