Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

19.mars: «Livet på djupet: Korall og andre fascinerande organismar i norske fjordar»

Visste du at du ikkje treng å reise langt for å finne førekomstar av korall?

Marinbiolog Ørjan Sørstrønen Vabø tek oss med under vatn, og fortel om korall og svamp i Noreg. Kvar fins dei, kva rolle har dei i økosystemet, og kvifor er det viktig å ta vare på dei? Han viser bilete og film frå havbotnen, frå tokt der det har blitt filma med ROV/ blueye.

Du får også lære om andre organismar som ein kan finne i norske fjordar, frå svamp til planteplankton og sjøpølser.

Ørjan er marinbiolog, og interesserer seg for alt frå plankton til korall. Han har ein mastergrad på kartlegging av artsmangfald og diversitet i norske fjordar. I masteroppgåva hans var hovudfokus på diversiteten rundt sårbare naturtypar danna av korall og svamp (til dømes korallrev), og kva miljø ein kunne finne desse naturtypane i.

Tid: 15:00
Inngong: Kr 50,-

Kafé og utstilling held ope frå 12:00-17:00, med servering av middag, kaffi og kaker.

Vel møtt!

Her finn du arrangementet på Facebook

Del denne artikkelen