Søndagsforedrag 5.mars: Marius Kambestad (NORCE)
Sunnmøre har ei lang rekke elvar med bestandar av laks og sjøaure, og lange tradisjonar for fiske etter desse artane. Dei seinare år har mengda laks og sjøaure i mange av elvane blitt dramatisk redusert. Oppfatningane om årsakene er mange: Skuldast det lakselus, overfiske, klimaendringar, vasskraft, kanalisering av elver? Eller kanskje er alt oteren si skuld? Kva meiner forskarane og kva meiner lokalbefolkinga?
Marius Kambestad er forskar hjå Norwegian Research Centre (NORCE) i Bergen. Han er forskar på ferskvannsøkologi, med laks og sjøaure som spesialfelt. Leiar for forskningsprosjekta «Mer laks og sjøørret på Sunnmøre» og «Return of the otter».
Dato: 5.mars
Tid: 15:00
Inngang: Kr 50,-
Kafé og utstilling held ope frå 12:00 - 17:00 med servering av middag, kaffe og kaker.
Her finn du arrangementet på Facebook