Dykkerpåske på Sunnmøre 3. - 5. april

Dykkarpåske på Sunnmøre
Dykk ned i påska sitt ultimate eventyr på Runde, der det dramatiske kystlandskapet møter eit yrande marint liv. Opplev havet sine skjulte skattar, frå vrak som ber på historiske mysterium til eit biologisk mangfald som vil ta pusten frå deg.
Etter dagen under vatn kan du slappe av med god mat og komfort på Quality Hotel Ulstein – ein perfekt balanse mellom spenning og avslapping.
Har du med følgje?
Overnatting, middag, føredrag og transport til Runde for følgje er inkludert heile helga i delt dobbeltrom. For dei som ikkje dykkar, tilbyr vi ei spennande oppleving på land:
Billett til utstilling og omvising på Runde Miljøsenter
Valfri aktivitet med Opplev Runde:
Coasteering – Ei actionfylt aktivitet der du utforskar kystlinja ved å klatre, symje og hoppe frå berg. Alltid i trygge rammer med instruktør.
Inkludert: Våtdrakt, flytevest, hjelm, instruktør og handkle til dusjing.
Hugs å ta med badetøy til å ha under våtdrakta. Kaffe/te og ein lett after-activity-snack er inkludert.
Yoga og meditasjon – Perfekt for å stresse ned, styrkje kropp og fleksibilitet, og finne indre ro medan du nyt den vakre naturen rundt deg.
Inkludert: Matte og instruktør. Hugs å ta på passande klede. Kaffe/te og ein lett after-activity-snack er inkludert.
Gjer påska komplett!
Book pakken i dag og gled deg til ei helg fylt med storslåtte naturopplevingar, maritime historier og nydeleg mat. Ulsteinvik er eit perfekt utgangspunkt for dykking ved Runde, kjend for sitt rike undervassliv, vrakdykking og spektakulær natur. Kombiner spennande dykk med ei behageleg hotelloppleving, der du kan slappe av etter dagens eventyr. På Quality Hotel Ulstein ventar ein lun atmosfære, komfortable rom og smakfulle måltid.
Avgrensa tal på plassar – sikre ditt neste dykkareventyr no!
Kva kan du gle deg til?
- 2 netter på Quality Hotel™ Ulstein inkludert frukost
- Middag begge kveldane i Pir Bar & Restaurant
- Spennande føredrag
- Transport tur/retur frå hotellet til Runde Miljøsenter
- 2 dykk med erfaren instruktør/kjentmann – utforsk naturskjønne omgjevnader med unikt biologisk mangfald
- Dykkarbåt med førar for enkel tilgang til dykkestadene
- Inngangsbillett til utstilling og omvising på Runde Miljøsenter, med historia om forliset av Akerendam i 1725 og funnet av Rundeskatten
- Tankfylling inkludert
- Kaffe/te og ein lett after-dive-snack
- Gratis parkering rett utanfor hotellet
Prisar
Pakkepris 2 dager alt inkludert:
Pris for én dykker i enkeltrom: kr 5.620,-
Pris for følge i eget rom: kr 3.820,-
Pris for to dykkere i dobbeltrom: kr 10.260,-
Pris for én dykker + én følge i dobbeltrom: kr 8.460,-
For andre alternativer, kontakt hotellet.
Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

