Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Fjøreforskar for ein dag - Haustferieaktivitet

Haustferieaktivitet for små og store i fjøra på Runde!

I haustferien inviterer me små og store forskarspirer til å bli med på å utforske fjøra!

Me ser på kva som lever og rører seg i fjøra, og har  fokus på korleis vi kan røre oss, og forske på fjøra på ein trygg og omsorgsfull måte. Turen avsluttes med lunsj på Runde Miljøsenter.

Vår naturrettleiar tek med luper, bestemmelsesnøklar og andre smarte verktøy for å forske i fjøra. Kanskje vi finn ut noko nytt i lag?

Denne aktiviteten passer for alle aldre, og er ein perfekt familieaktivitet.

Inkludert i billetten er det med lunsj, og ein tur opp i utstillinga på senteret.

NB - Hugs å kle deg etter været. Det anbefales å ha på støvlar.

Billett finn du her: https://hivens.no/fjoreforskar-for-ein-dag/

Del denne artikkelen