Kunstworkshop med Prestgaard / Andersen 22. Mars

Ta familien med på kunstworkshop på Runde med kunstnarduoen Prestgaard / Andersen

I samband med Strandryddedagen har vi gleda av å invitere kunstnarduoen Prestgaard / Andersen til Runde. Dei er kjende for å skape fargerik og tankevekkjande kunst av plast – og no tek dei med seg pop up-verkstaden sin til oss! Her kan du både sjå, lære og sjølv få prøve å gi strandplast nytt liv gjennom kreativ utfalding.

Prestgaard og Andersen invitere på aktiviteter for barn og vaksne frå kl. 13:00 til 16:00.

‍

Velkomen til Runde søndag ettermiddag 22. mars. Vi arrangerer strandryddeaksjon på Voldsund tidlegare på dagen, les meir om det her

‍

Du er hjartleg velkomen om du har deltatt på aksjonen på Voldsund, har rydda på eigen hand eller om du berre har anledning til å kome rett til Runde.

Kafeen held ope frå kl. 12:00 til kl. 17.00 og serverer varm mat og drikke, så det er berre å kome innom for ei hyggeleg og inspirerande oppleving.

Arrangementet vert gjennomført med støtte frå Hurtigruten Foundation og Handelens Miljøfond.

‍

Del denne artikkelen