Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Natt på Museet

Aktivitetskveld for 5.-7.klasse fredag 13.mars

Bli med når lyset sløkkjast og historia vaknar til live!

Vi reiser 250 år tilbake i tid – til den dramatiske forlisnatta då det nederlandske skipet Akerendam gjekk ned utanfor Runde i 1725. Kva skattar ligg framleis gøymde på havets botn? Og kva hemmelegheiter kan vi avdekkje saman?

Gjennom kvelden ventar ei spanande oppdagingsferd fylt med historier, film, leik og utfordringar. Undervegs skal de løyse kjekke oppgåver, teste kunnskapane dykkar og samarbeide som ekte skattejegarar ‍

På programmet:

Oppdagingsferd og historieforteljing
Kahoot
Oppgåveløysing
Film og pizza

Dato: Fredag 13. mars
Tid: 18:30–22:00
Alder: 5.–7. klasse
Pris: 200,-

Påmelding: via lenke eller e-post til booking@runde.no

NB! Avgrensa tal plassar – førstemann til mølla!

No items found.
Del denne artikkelen