Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Coasteering på Runde

Har du nokon gang lurt på korleis det er å oppleve livet og kreftene i havet på nært hald? Kjenne bølgene som kjem inn frå storhavet på kroppen?

Opplev havet gjennom å vere i havet, utstyrt med våtdrakt, redningsvest og hjelm.
Coasteering er ei blanding av å bevege seg på land og i vatnet. Vi  skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passer for dei aller fleste!

Du får oppleve ein heilt ny måte å sjå fjøresona på. Kom tett på tare som duvar i rørsla til vatnet eller levande vesen du elles sjeldan får sjå. Vår naturrettleiar deler forskingsbasert kunnskap om naturen på Runde, med stort fokus på å lære noko nytt om havet!

INKLUDERT:

• Alt du treng av utstyr (våtdrakt, hjelm, flytevest, sko, hanskar og handduk)

• Varm drikke etter endt aktivitet

PRAKTISK INFO

Du må ha med badetøy til å ha under våtdrakta, handduk og ein pose til å ha vått tøy i etter aktiviteten.

• Ullundertøy kan vere fint å ha under drakta for betre varme og komfort.  

• For å bli med på aktiviteten må du være i normal fysisk form.

 

Meld deg på open tur her: https://www.hivens.no/coasteering

For grupper, kontakt [email protected]

Vil du vite meir om coasteering på Runde? La deg inspirere av denne historia: "Utforsk kysten – flyt, lær og smak"

Del denne artikkelen