Søndagsforedrag // Når gjestfridom blir miljøpolitisk ukorrekt: Framande artar i havet rundt oss
Søndag 12.april inviterer vi igjen til foredrag på Runde Miljøsenter!
Denne gongen tek Runde-forskar Lise Chapman for seg temaet framande artar i havet – alt frå japansk drivtang og spøkelseskreps til stillehavsøsters og havnespy. Dette er organismar som eigentleg ikkje høyrer heime her, men som har blitt flytta – oftast som følgje av menneskeleg aktivitet.
Korleis påverkar desse artane naturen vår? Og er det eigentleg så farleg i ei verd som uansett er i stadig endring? Kan vi heller sjå på dei som nye ressursar – slik som kongekrabba?
Svar er sjeldan enkle, men vi håpar du vil bli med for å lære meir om kvifor nokre artar spreier seg så effektivt, bli fascinert av uvanleg biologi – og delta i ein viktig diskusjon om kva som eigentleg er «urørt natur» i havet rundt oss.
Velkomen til eit tankevekkjande og aktuelt foredrag!
Kafé og utstilling held ope frå 12:00 - 17:00. Servering av middag, kaffe, kaker og is.
Foredraget startar klokka 15:00. Gratis inngang

