Bli med «Fuglemannen» til Lundeura
Om turen
Det er ikkje utan grunn at Ingar Støyle Bringsvor vert kalla Fuglemannen på Runde. Ingar har enorm kunnskap om fuglelivet på Runde, og har hatt stor interesse forfuglane her heilt sidan barndomen.
Søndag 30. april har du sjansen til å bli med Ingar på tur til Lundeura. Saman med naturrettleiar Johannes vil Ingar ta deg med og dele av all kunnskapen han har hausta om fuglane på Runde.
I 2019 laga NRK ein dokumentar om Ingar Støyle Bringsvor. Dokumentaren kan du sjå her: https://tv.nrk.no/serie/glimt-av-norge/2019/DVFO50000816.
Pris for turen er: 150,- pr person
Oppmøte på Runde Miljøsenter kl. 17:00
OBS: Det er krav om påmelding på førehand, då det er ei maksgrense på deltakarar. Du kan melde deg på turen på nettsida her: www.hivens.no/fuglemannen
Program
17:00 - Oppmøte på Runde Miljøsenter til velkomst og introduksjon
17:10 - Me køyrer bort til parkeringsplassen på Goksøyra
20:00 - Arrangementet er slutt, men for dei der har lyst kan me anbefale å bli opp på fuglefjellet for å sjå solnedgangen.
Med i prisen er også framsyning av filmen Havets sølv på Runde Miljøsenter. Me anbefaler å sjå den før turen. Siste framsyning før turen er kl. 16:30.
Praktisk informasjon
Du må kle deg etter vêret. Vi tilrår vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede.
Turen tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil. Det er også behov for transport frå Miljøsenteret til parkeringsplassen i Goksøyra.
Me tek me kikkertar og teleskop me kan dele på.