Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Familieaktivitet 12.mars - fuglekassebygging!

Bli med oss på fuglekassebygging ute!

Hekkesesongen er rett rundt hjørnet. Sjøfuglane kjem snart tilbake til Runde, og i hagen din er det kanskje småfuglar som snart kjem for å bygge reir og legge egg?

Søndag 12.mars kan du bli med oss på ein kjekk dag med fuglekasselaging på Runde.

Aktiviteten startar 13:00 - og me held på fram til 16:00.

Pris pr fuglekasse: kr 100,-. De får ferdig kutta delar, og me monterer i lag.

Alle born får gratis inngang i utstillinga, og kan bli med ein av naturrettleiararane våre klokka 15:00 for å lære litt om nokre av dei spanande fuglane som hekkar på Runde.

Det er mogleg å reservere fuglekasse på førehand på mail til booking@runde.no. Elles deler vi ut byggesett tilfuglekasse så langt lageret rekk.

Ta gjerne med eigen hammar. Hugs gode uteklede, dette er ein utandørsaktivitet.

Kafé og utstilling held ope frå 12:00 - 17:00, og serverer lunsj, middag og kaffi/kaker.

KONKURRANSE

Ta bilde av di ferdig opphengde fuglekasse innen 19.mars og tagg oss på Instagram med #opplevrunde. Ein heldig vinnar får ein fin liten kikkert til å speide etter fuglar med.

Her finn du arrangementet på Facebook

Del denne artikkelen