Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Fire kanonar og ei ukjent ferd – kva fann dei ved Runde i 1731?

Ein nyoppdaga protokoll frå 1731 fortel om ei tidleg dykkarferd ved Runde, truleg med bruk av dykkerklokke – berre seks år etter forliset til Akerendam. Funnet opnar for nye spørsmål om kva skip som eigentleg ligg i djupet utanfor Runde

Dykking ved Runde i 1731

Like etter at Rundefunnet vart gjort i 1972 kom det for ein dag at det var restane av det hollandske skipet Akerendam som forliste ved Runde i mars 1725. Lokalhistorikaren Ivar Myklebust i Ørsta kunne fortelje om protokollar frå rettsmøter i 1726 omhandlande forliset og påfølgjande sokningog berging året før.

I tida deretter, fram til funnet i 1972, var det lite merksemd om forliset. På folkemunne levde segna om «Borja», eit skip frå Den spanske armada som skulle ha forlist ved Runde.

Nyleg har ein annan lokalhistorikar, Tor Myklebust (ikkje islekt med Ivar) kome over ein protokoll frå september 1731 frå Molde tollsted som omhandlar sokning og berging ved Runde dette året.

Dette har etter vår kunnskap ikkje vore del av historia om Rundefunnet. Det kjem fram at det var Weinwich, agenten i Bergen for det Hollandske ostindiakompaniet, som tinga oppdraget. Han stod også for berginga i 1725.

Ein brigantin (liten skonnert) førd av kaptein Frazer(Fresser) frå Edinburgh kom til Runde sumaren 1731. Skipet var utstyrt for dykking og det vart gjennomført sokning, antakeleg i same området som der Akerendam forliste seks år før. Det kan ha vore nytta meir avansert utstyr denne gongen, m.a. dykkerklokke.

Det vart berga ein del gjenstandar av jarn og andre metall. Vidare vart fire kanoner av jarn tekne opp. Desse var omtala som ganske«bederved» av sjøen.

Kan kanoner etter berre seks år i sjøen vere så korrodert og«bederved»?

Akerendam skal ha vore utstyrt med 40 kanoner, og alle dessevart lokalisert og gjort greie for av Bergens sjøfartsmuseum i åra etter at Rundefunnet vart gjort. Kan dei fire kanonene stamme frå eit anna tidlegareforlist skip? Borja?

 

Kan det skrivast eit nytt kapittel i soga om Rondagollje?

Skrevet av: Lars Golmen

Del denne artikkelen