Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Haust på Runde

Sommaren har for lengst sagt farvel, og hekkesesongen er over for sjøfuglane. Kva kan ein da gjere på Runde?

Det er sesongen for mykje vær og vind, og på Runde kjem vêret inn frå storhavet. Runde er difor den beste plassen å få dei mektigaste inntrykka av vêret. Bølgjene treff klippane og sjøsprøyten innhyllar fjellet i kvitt. Vinden ula og den er så sterk at du kan lene deg mot den. Det er mogleg å gå frå Goksøyra, eller å gå langs Otreskredane. Rett og slett ein fantastisk tur!

Det er også mogleg å ta ein tur med naturrettleiaren vår, her tek vi den same fantastiske turen, men med mykje innslag av unik natur- og kultur-kunnskap. Når turen er ferdig et vi middag saman. Ein unik moglegheit for å oppleve det beste Noreg har å by på.

 

Viss dykk velje å ta turen på ein stormfull dag, og har høve til å overnatte kan me anbefale å leige seg ein plass på Runde fyr. Der kan ein oppleve stormen på nært hald, samtidig som ein er god og varm. Viss ein ønskjer litt meir luksus tilbyr vi også overnatting i nærleiken av fjellet, med utsiktmot havet og vêret.

 

På søndagane har vi på Runde Miljøsenter opne kaféen, det er mogleg å få seg ein matbit og ein kaffi og kanskje ta ein titt på Rundeskatten-utstillinga. Nokon søndagar er det foredrag om er verdt å få med seg, så hald auga opne!

Ta gjerne ein kikk på opplevingane våre, eller kanskje book ei overnatting hos oss!
Vi legg også ut informasjon om dei ulike arrangementa våre på facebook, så følg oss gjerne.

Del denne artikkelen