Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lundesafari med naturveiledar

Ei magisk oppleving der land møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på både lundefuglen og andre fuglar.

Kvar vår kjem tusenvis av lundefuglar til Runde for å hekke. I år kom dei inn frå Atlanterhavet rundt 15.mars, og no har me dei her fram til månedskiftet juli-august.

Når fuglane kjem inn frå fangst når det nærmar seg kveld er det eit spektakulært skue i lundeura, der det er godt tilrettelagt for å komme tett på fuglane.

Heile sommarsesongen tilbyr me turar for små grupper til fuglefjellet i lag med vår naturveiledar, for å sjå både lundefugl og andre fuglar som høyrer til på Runde.

Du vil få ei innføring i sjøfuglane sitt spesielle liv og litt lokalhistorie frå øya, og selvfølgelig historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725, i vår heilt nye utstilling som opnar 1.juni.

Turen startar på Runde Miljøsenter med omvisning i utstillinga vår og med visning av "Havets sølv",ein fantastisk naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av på Runde. Omvisninga blir etterfulgt av middag, og avsluttes med fottur til fuglefjellet.

Er du heldig, avsluttar me turen med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.

Book dine billettar under Opplevingar, og bli med oss på tur da vel! Sjå lenke:

Utforsk opplevingar

Del denne artikkelen