Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Rundesymposiet 2022

5. og 6.mai gjekk Rundesymposiet av stabelen på Runde, under tema Havnasjonen Noreg 2.0, som eit samarbeid mellom Runde Miljøsenter og Havforskningsinstituttet.

Deltakarane er ein tverrfagleg samansett av forskarar, folkevalde, organiasjons- og næringslivsfolk, som med høgt engasjement har snakka om framtid og verdiskaping, med økosystemforvaltning i sentrum.

Sissel Rogne, fagdirektør for Havforskningsinstituttet oppsummerer at ein etter symposiet sitt att med enorm begeistring over kreativiteten, seriøsiteten og den genuine iveren etter å løyse vanskelege spørsmål. -"Dette symposiet gir oss kontaktar og kjennskap som gjer at vi tør å diskutere litt annleis med kvarandre. Vi tør å stå litt «med bringa bar» og teste idear. Det er essensielt når vi skal ta dei neste hoppa framover", sa ho  etter siste paneldebatt på fagkonferansen.

Meir informasjon på www.rundesymposiet.no

Del denne artikkelen