SJØNÆR 2025

Ei fantastisk helg på Runde - med mykje kjærleik til havet
For ein start på helga! Fredag og laurdag samla vi i lag med Njord Freediver og Herøy Dykkerklubb over 40 eventyrlystne deltakarar som ville oppleve havet på nært hald. Fredag kveld var festivalopning og første møte for mange. Planlegging av laurdagens dykk, klargjering av utstyr og såklart festivalens tradisjonelle fredagstaco!
Laurdag morgon starta med ein nydeleg yoga og ein god frukost, før turen ut med dykkerbåtane til ulike lokasjonar. Ute venta apparatdykking, fridykking, coasteering og kajakk – og naturen leverte på øvste hylle! Kjærleiken til havet låg som ein raud tråd gjennom heile dagen, og lunsjen etter aktivitetane blei fylt med gode samtalar og delte inntrykk.
Så var det tid for After Sea – ei samling der historier og kunnskap fekk stå i sentrum. Vi fekk høyre engasjerande foredrag frå Kajakk-Kim, marinbiolog Erle, norges råaste fridykkar Mari Aarbø og inspirerande Ingjerd og Dan-Willy frå Swim4Fjords. Ein kveld med tapas, latter og lange samtalar runda av ein perfekt dag.
Søndag opna vi opp for Sunday Funday – ein gratis aktivitetsdag for alle. Her var det liv og røre frå morgon til kveld, med nærare 200 som deltok i ulike aktivitetar!
Med utstyr og aktivitetar frå BUA, Herøy Kajakklubb, Kajakk-Kim, Njord Freediver/Herøy Dykkerklubb og Sunnmørsbadet fekk både små og store teste fridykking, kajakk, coasteering, alle variantar av leik- og padleutstyr og til og med funballs på vatnet. Dykkerane frå laurdag tok nye turar ut med båt, og på slutten av dagen møttes alle til saPizzaen etterpå smakte ekstra godt for dei mange som hadde kasta seg ut i aktivitetane.
Det var ein sliten, men lukkeleg gjeng som pakka ned utstyr søndag kveld. Takksame for å ha fått moglegheita til å skape så mange fantastiske naturopplevingar, for alle deltakarane, gode vennar som har bidratt, og ikkje minst sponsorane som gjorde dette mogleg.
See you by the sea i 2026!