Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Søndagsaktivitet 23.april:  "GULL - en skinnende historie "

Ei bok for barn i alle aldrar. 

Velkomen til ein god gullprat! Forfattar John R. Pettersen les, fortel og syner bilete frå boka "Gull - en skinnende historie".

I mange tusen år har gull vore eit teikn på rikdom. Menneska har vore begeistra for dette skinande metallet heilt sidan dei første gullklumpane blei funne. Gull har ført til krigar og konfliktar. Gull har fått folk til å reise ut på eventyr. 

Kvifor er det slik? Og kva er eigentleg gull? Kvar kjem det frå? 
Er det sant at gull er stjernestøv? 
 
«GULL ­ – en skinnende historie» er ei bok om gullskattar, gullgraving og gullrøvarar– om gullpengar, gullkunst og gullet si historie.

Rundeskatten, gullskatten frå forliset av handelsskipet Akerendam utanfor Runde i 1725, har ein sentral plass i boka.

Boka er i utgangspunktet ei fakta-/sakprosabok for born i alderen 10-14 år, men har vekt stor interesse også blant vaksne.

Forfattar John Roald Pettersen er busett i Ålesund, og har bakgrunn som pedagog, journalist og forfattar. Han har skrive meir enn 20 bøker, mange av dei om historiske og kulturhistoriske tema.

Dato: 23.april
Start: 15:00
Inngong kr 50,- pr vaksen, 25,- for born. Inkluderer besøk i utstillinga for å sjå ein ekte gullskatt.

Kafé og utstilling held ope frå 12:00-17:00 med servering av mat, kaffi og kaker

Her finn du arrangementet på Facebook

Del denne artikkelen