"Taskekrabben - Ei livshistorie". Søndagsforedrag med Snorre Bakke
![](https://cdn.prod.website-files.com/623dc294567371a6f6692f16/646a8ff245707058d80cc2c1_Profilbilde%20Snorre%20_%20Krabben.jpg)
Snorre Bakke er førsteamanuensis ved NTNU i Ålesund. I doktorgrada si har han studert taskekrabben sin biologi. I lag med to medforfattarar har han for ikkje lenge sidan gitt ut boka «KRABBEN – et biologisk og kulturhistorisk portrett». Boka gir ei brei dekking av taskekrabben sitt liv og betydninga den har for oss som fiskeri- og matressurs.
Foredraget er ei historie (illustrert med fine bilder) der vi får følge krabben frå larve til den er vaksen. Vi blir med krabben i livet som «ungdom», jakta på mat, kampen for å overleve og på søk etter en partnar. Måten vi menneske utnyttar krabben gjennom fiske er også ein del av historia. Undervegs i foredraget blir ulike kuriøse tema tatt opp, som for eksempel: «Kor gammel blir krabben?», «Kor hardt knip/klyp krabben?», «Føler krabben smerte når den blir kokt?» og «Er det farlig å spise krabbe?».
Start: 15.00
Inngang: Kr 50,-
Kafé og besøkssenter held ope frå 11:00 - 17:00. Servering av middag, kaffi og kaker.
Vel møtt til ein spanande time!