Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Utforsk kysten med coasteering

Lær om livet i fjøresona medan du opplever kreftene i havet på nært hald.

Ein kjekk aktivitet som passer dei aller fleste

Coasteering er ei blanding av å bevege seg på land og i vatnet. Ein skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passer for dei aller fleste!

Opplev fjøresona på ein ny måte

Ved Runde ligg sjeldan havet stilt, og når vi beveger oss i fjøresona, har vi moglegheiten til å leike oss i bølgene som bryt ved land. Den konstante rørsla i vatnet gjer aktiviteten i fjøresona spennande! Ein erfaren naturrettleiar deler forskingsbasert kunnskap om naturen på Runde, og du får lære mykje nytt!

Praktisk info

Vi møter opp på Runde Miljøsenter, og turen går frå senteret.

Inkludert:

-         Varm våtdrakt (Passer sommar og vinter)
-         Hjelm
-         Redningsvest
-         Sko/Hansker
-         Lokalkjent guide

Gjesten skal ha med:
-         Badeklær
-         Brillesnor/briller til aktivitetsbruk
-         Tørt skift
-         Vassflaske
-         Oppbevaring for våte klede

Lat deg inspirere!

– Vi kunne ha halde på i timevis. Eg har aldri opplevd noko liknande, sa biologen Susana då ho, venninna Synnøve og tyske Michael vart med naturrettleiar Joohannes Madsen på coasteering ein juni-ettermiddag. Lær alt om coasteering og la deg inspirere av denne lærerike og visuelle historia om då dei prøvde coasteering for første gong.

Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
1150,-
Starttidspunkt
13:00
Avgang
Runde Miljøsenter
Book opplevinga