Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Fjøreforskar

Gror det ei forskarspire i magen din? Bli med oss på ein forskartur i fjøra, så kanskje vi kan vatne nysgjerrigheita!

Opplev snodige skapningar i fjøra!

Du treng ikkje gå langt for å finne rare og utrulege skapningar. På denne turen tek vår erfarne naturrettleiar små og store forskarspirer med ut for å forske på dei snodige skapningane i fjøra. Vi skal undersøke det som lever i fjøra, og ta vitskapelige prøver for å sjå om vi finn nokre mikroskopiske vesen. Utstyrt med luper, bestemmingsnøklar og eit akvarium går vi til nærområda rundt Runde Miljøsenter for å sjå kva vi kan finne. Kanskje vi finn noko nytt saman, og du får eit innsyn i kva ein ekte forskar jobbar med.

Ein perfekt familieaktivitet

Dette er ein aktivitet som passar utmerka for alle aldrar, og er ein perfekt familieaktivitet. Sida turen er i fjøra tilrår vi godt skotøy, og gode kle som toler å bli brukt.

Inkludert i opplevinga er

-         Lærerik oppleving med naturrettleiar

-         Utstyr til å ta vitskapelege prøvar i fjøra

 

Praktisk info

Sida turen går i fjøra tilrår vi gode sko med ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle. Vi oppfordrar også å ha med eit tørt skift, både sko og kle.

-         Ei flaske vann

-         Lue og hanskar om det er kaldt

-         Fotokamera

Vi kan tilpasse opplevinga til grupper på forespurnad, heile året. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

Lat deg inspirere!

Barna trudde fjøreforsking med Opplev Runde berre handla om å leite etter krabber, tang og tare i vasskanten. Dei tok feil...

Les den inspirerande historia med dei fine bilde og lær meir om fjøreforsking!

Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
Fjøreforsking med Opplev Runde
No items found.
Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Vaksen: 325,- Born: 225,-
Starttidspunkt
Sjå avgang i kalenderen ved bestilling
Avgang
Book opplevinga