Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lundesafari

Ei magisk oppleving der storhav og land møtes. Bli med på ein kveldstur til fuglefjellet der du kjem tett på lundefuglen.

Om turen

Bli med på ei magisk oppleving der and møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen. Vår naturrettleiar vil gje deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya og historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.

Turen startar på Runde Miljøsenter med framsyning av "Havets sølv", ein fasinerande naturdokumentar om lundefuglane og den enorme sildegytinga på Mørekysten. Før du får omvising i utstillinga på Runde Miljøsenter, får du servert ei nydeleg fiskesuppe med nybaka brød. Med fulle magar og «Havets sølv» i ryggsekken tek vår erfarne naturrettleiar dykk med opp i utstillinga. Du blir kjent med dei forskjellige fuglane som bur på øya, og me prøvar å gje svar på kva som skjer med fuglelivet på Runde. Før me går på fjelltur tek vi ei gyllen reise tilbake til 1725. Eit svært handelsskip gjekk på grunn på Runde, og 300 år seinare vart vrakrestane funne av tre dykkarar.

Turen til fuglefjellet tar omtrent 45 minuttar og høgaste punkt er sirka 200 meter over havet. Etter ein kort og bratt oppoverbakke flatar terrenget ut og resten av turen går i slak oppoverbakke. På veg mot fuglefjellet er det mykje å sjå og naturrettleiaren viser deg dei beste plassane for at du skal få mest mogleg ut av turen og moglegheit for å lære mykje meir. Oppe på fuglefjellet blir det god tid til å nyte utsikta, solnedgangen og lundefuglane som susar over hovudet ditt. Du vil garantert lære noko nytt om Runde, fuglane og havet som omringer oss.

Praktisk informasjon

Inkludert i opplevinga

  • Guida tur på fuglefjellet med naturrettleiar
  • Middag
  • Film og omvising på Runde Miljøsenter


Praktisk info

Dette er ein fjelltur, og stien har varierande kvalitet. Vi tilrår gode sko med ankelstøtte.

  • Tursekk (20-40 L)
  • Kle deg etter været. Vann/vindtette kle og evt skift anbefales.
  • Ei flaske vatn
  • Lue og hanskar om det er kaldt
  • Fotokamera


Fakta om turen

  • Høgde over havet: 200 meter
  • Stigning: 200-300 høgdemeter
  • Avstand: 4,5 kilometer (rundtur)
Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Voksen: NOK 795 Barn (8-15 år) (8-15 år): NOK 645
Starttidspunkt
1. april - 30. april: 16:00 1. Mai - 8. august: 17:00
Avgang
Runde Miljøsenter
Book opplevinga