Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lundesafari fra Ålesund

Kveldstur med transport frå Ålesund - Runde- Ålesund

La oss ta deg med på ei magisk oppleving der land møter storhavet. På ein kveldstur opp til fuglefjellet kjem du tett på både lundefuglen og andre fuglar. Vår naturrettleiar vil gje deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya, og sjølvsagt historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.

Du reiser med hurtigbåt og privat buss til Runde Miljøsenter. Der blir du møtt av ein dyktig naturrettleiar, som gir ei om omvising i utstillinga vår, etterfølgd av filmen "Havets sølv", ein fantastisk naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av her på Runde. Omvisinga blir etterfølgd av middag, innan me drar opp på fuglefjellet.

Turen opp på fuglefjellet tar 45 min. På vegen er der masser å sjå og opplev og me kjem då til å gjere fleir stopp. Oppe på fuglefjellet blir det god tid til å sitje og nyte utsikta og dei fantastiske sjøfuglane.

Er du heldig avsluttar du turen med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.

Etter endt tur tek bussen deg trygt tilbake til hurtigbåtkaia på Hareid, for å returnere til Ålesund.

Praktisk informasjon

Turen startar frå Ålesund med hurtigbåt kl. 15:30 til Hareid. På Hareid blir du møtt av West Auto, som fraktar deg til Runde.

Etter fjelltur blir du transportert tilbake til hurtigbåten på Hareide. Ankomst Ålesund 23:15.

Inkludert i aktiviteten

  • Privat busstransport frå Hareid – Runde
  • Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter og visning av naturdokumentaren Havets Sølv, frå sunnmørskysten
  • Husets fiskesuppe med heimbaka brød, kaffe/te
  • Transport frå Runde Miljøsenter til starten av stien til fuglefjellet
  • Egen naturrettleiar på tur til fuglefjellet og spesielt lundeura der lundefuglen hekkar
  • Sitteunderlag og kikkert til utlån
  • Privat busstransport frå Runde – Hareid (til korresponderende hurtigbåt)

Turen inkluderer ikkje

  • Båttransporten frå Ålesund- Hareid og retur Hareid - Ålesund. Billett kjøpes ombord, og må ikkje førehandsbookast.

Du må kle deg etter vêret. Vi tilrår vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede. Det kan bli kaldt på fjellet på kveldstid.

No items found.
Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Vaksen: NOK 1995,- Born: NOK 1700,-
Starttidspunkt
15:30
Avgang
Hurtigbåtkaia i Ålesund (Skateflukaia)
Book opplevinga