Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Tur til Runde fyr

Det er noko beundringsverdig med fyrtårn, kva historier er det eigentleg dei gøymer? Runde fyr ligg midt i havgapet, blant klippar som er prega av den vêrharde kystnaturen og Atlanterhavet som ligg rett utafor.

Få innsikt i historia til Runde Fyr

På turen ut til Runde Fyr fortel vår naturrettleiar historier frå øya, om funnet av ein tapt gullskatt og den unike naturen på Runde. Du får eit djupdykk i fyrhistorie og i naturkunnskap frå øya. Turen startar med oppmøte på Runde Miljøsenter. Inne på senteret får du ei omvising i utstillinga der naturrettleiaren fortel om fuglane, kystøkologi og om ein eventyrleg gullskatt som blei funne like ved fyret. Etter omvising i utstillinga går turen opp på fjellet. Ute vil du få oppleve dei stupbratte klippane, du får sjå hekkeplassane til sjøfuglane som bur på øya og sjå det fantastiske fyret.

Opplev ei side av Runde, som ikkje alle får sjå

Undervegs vil det bli fortalt historier om fyrvaktarane og fyrbyggjarane frå Sunnmøre. Vi nyt lunsjen med havutsikt før turen går heimatt. Om du vil høyre dei fantastiske historiene, og samtidig få sjå dei finaste plassane på Runde er dette turen for deg. Turen passer også utmerka utanfor sommarsesongen, og du får sjå ei side av Runde som ikkje mange får glede av å oppleve.

Inkludert i opplevinga er

-         Guida tur med naturrettleiar

-         Nistepakke tillunsj og varmt drikke

 

Praktisk info

Sida turen er påfjellet og går på sti i varierande kvalitet tilrår vi gode sko med ankelstøtte.Vestlandet er eitvêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle ogpraktiske varme kle. Vi oppfordrar også å ha med eit tørt skift, både sko ogkle.

I tillegg bør du hamed:

-         Tursekk (20-40 L)

-         Ei flaske vann

-         Lue og hanskar om det er kaldt

-         Fotokamera

Turen skreddarsyast til grupper vedførespurnad, og kan bli bestilt heile året. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

 

Fakta om turen

-         Høgde over havet: 300 meter

-         Stigning: 600 høgdemeter

-         Avstand: 8 kilometer (rundtur)

Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
1050,-
Starttidspunkt
Etter avtale
Avgang
Runde Miljøsenter
Book opplevinga