Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Strandtur med meining

Visste du at strekket mellom Runde og Ålesund er ein av dei mest plast-forureina plassane vi veit av i havet vårt? Vil du gjere ein forskjell, men veit ikkje heilt kvar du skal starte?

På «strandtur med mening» vil du få eit godt grunnlag for å bli ein dyktig strandryddar. Undervegs på turen vil du få innsyn i det enorme problemet som vi har vore med å skapt, og kva som blir gjort for å redusere mengda plastikk i havet. Du får utdelt nødvendig utstyr for effektiv rydding, og med ein erfaren plastryddar tek du turen ut i fjøra. Du blir kanskje overraska over alle dei rare tinga ein finn, og me tek oss god tid til å sjå på kva vi eigentleg ryddar. Etter to og ein halv time, vil du verkeleg føle at du har gjort ein forskjell!

Turen går ikkje på ei fast rute, men i ulendt terreng der mesteparten av plasten sett seg på sted som kan vere vanskeleg å rekke. Det er derfor viktig med gode sko og klede som kan bli skitne. Vi skal heller ikkje legge skjul på at det kan vere tungt arbeid! Aktivitetene er ei god anledning til å få seg ei skikkeleg arbeidsøkt ute i frisk luft.

Aktiviteten er ein tur som er berekna for grupper, for eksempel skuleklassar eller bedriftsgrupper. Ta kontakt, så planlegg vi ein lærerik tur.

Inkludert i opplevinga er

-         Strandryddetur med naturrettleiar

-         Sekker og arbeidshanskar

 

Praktisk info

Sida turen går i fjøra tilrår vi gode skomed ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor verelurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle. Vi oppfordrar også åha med eit tørt skift, både sko og kle.

I tillegg bør du ha med:

-         Lue og hanskar om det er kaldt

Turen skreddarsyast til grupper vedførespurnad, og kan bli bestilt heile året. Send ein e-post tilbooking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Vaksen: 325,- Born: 225,-
Starttidspunkt
Ta kontakt for bestilling
Avgang
Runde Miljøsenter
Book opplevinga