Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Tangsafari

Har du nokon gang lurt på korleis ein kan nytte tang og tare til matlaging? Viss du er nysgjerrig på kva disse rare vekstane er og kva dei kan bli brukt til er dette turen for deg.

Salt, næringsrikt,sunt og slimete.

Har du nokon gang lurt på korleis ein kan nytte tang og tare til matlaging? Viss du er nysgjerrig på kva disse rare vekstane er og kva dei kan bli brukt til, er dette turen for deg.

Smak på noko heilt spesielt!

Tanga duvar i vassoverflata, den brer seg utover i fjøra og er ikkje særleg appetitteleg, men har du nokon gong smakt på tang og tare? Viss du tør å ta hoppet, kan du dykke inn i ein fantastisk verd av god mat. Vår dyktige naturrettleiar tek deg med på ein reise inn i verda som ligg mellom havet og land, her bognar det av matressursar.

Bli med ein erfaren naturrettleiar ut i fjøra

Etter eit kort møte på Runde miljøsenter tek naturrettleiaren dykk med ned til sjøen, med auga retta mot vatnet smaker vi på dei beste råvarene du kan finne i fjøresona. Turen går i og ved sjøen, i ulent terreng. Vi smakar på rå tang, steiker andre og kanskje du får smake på andre spesielle delikatesser?

 

Inkludert

-         Guida tur med naturrettleiar

 

Praktisk info

Sida turen går i fjøra tilrår vi gode sko med ankelstøtte. Vestlandet er eit vêrhardt sted, det kan derfor vere lurt å ha med vasstette ytterkle og praktiske varme kle.

Turen skreddarsyast til private grupper, vi tilpassar tidspunkt og sted etter ønske. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 70080 800 for meir informasjon.

Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Vaksen: 345,- Born: 210,-
Starttidspunkt
Sjå kalender ved bestilling
Avgang
Book opplevinga